Kjersti Wiik er frå Lindås, og har tatt musikkutdanning ved Bergen Lærarhøgskole og hovudfag i song ved Griegakademiet i Bergen.

Kjersti har ein allsidig utøvande bakgrunn. Ho har fleire gongar vore solist med orkester og kor i Händels Messias, Juleoratoriet (Bach), Magnificat (Bach), Requiem (Mozart) etc.

Ho har vore solist med Eikanger Bjørsvik Musikklag under Festspela i Bergen, har hatt konsert med Stavanger Brass og Manger Musikklag samt vore solist med Bergen Filharmoniske orkester. Ho har også samarbeida mykje med Hans Majestet Kongens Garde og mellom anna turnert i Canada og gjort
CD-innspelingar med dei.

Kjersti har vore tilknytta Den nationale Scene i Bergen der ho framførde samtidsopera, ho hadde hovudrolla i musikalen ”Dampen”, spelte 66 Bellmanframsyningar i Losjen m.a. med Helge Jordal og har sidan Håkonarspela gjort den syngjande volverolla både i Gulen, på Seim og i Håkonsvern.
Neste side...
Biografi
Tenester/
Programtilbod
Soloplater
Lydklipp
Omtale
Pressebilete
 
Kjersti Wiik - Litlevika 42 - 5914 Isdalstø - Tlf: 56 35 23 07 - Mobil: 926 63 920 - post@kjerstiwiik.no